Måling og faktura

Måling

Dei fleste av kundane våre har no fått automatisk straummålar (AMS-målar). Dei nye målarane registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen automatisk til oss og straumforbruket blir fakturert etterskotsvis.

Har du ennå ikkje fått AMS målar, kan du senda oss målarstanden på SMS til 26166: EELM målarstand

Alternativt kan du nytta «Min side» eller ringa inn målarstanden til oss på xx xx xx. Les du ikkje av målaren, blir straumforbruket stipulert.

 

Faktura

Inntil vidare vil du motta faktura for nettleige frå BKK AS. Straumleverandøren din vil framleis senda faktura for straumforbruket ditt.

Faktura blir sendt deg i posten eller du kan opprette efaktura og/eller avtalegiro. Med efaktura får du faktura ferdig utfylt i nettbanken din. Du treng kun å godkjenna betalinga. I nettbanken finn du også fakturagrunnlaget. Det vert ikkje sendt ut papirkopi dersom du har e-faktura.

Med avtalegiro vert fakturabeløpet trekt automatisk frå din konto på forfallsdato. Du får tilsendt faktura.

Du kan ha både eFaktura og avtalegiro. Då går betalinga automatisk og du treng kun sjekka faktura i nettbanken. Begge deler registrerer du enkelt i nettbanken din.

Dersom du ynskjer å sjå tidlegare fakturaer, kan du logga deg inn på «Min side».