Leveringsplikt

 

Nettselskapet BKK Nett sel ikkje straum direkte til privatkundar. Kundar som ikkje har inngått avtale med ein straumleverandør, vil motta leveringspliktig kraft frå nettselskapet. Vi er pålagt av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å levera straum også til kundar som ikkje har ein straumavtale med ein straumleverandør.

Prisen for leveringspliktig straum er bestemt av NVE og er lik månadleg gjennomsnittleg spotpris + eit påslag på 5 øre/kWh inkl. mva. Etter seks veker aukar påslaget til 10 øre/kWh inkl. mva. Det er derfor viktig å velgja straumleverandør slik at du ikkje betalar ein høgare pris for straumforbruket ditt enn naudsynt.

Les meir på https://www.bkk.no/nett/leveringsplikt